Dei nye datamodellane syner kor laksesmolt og sjøaure har størst risiko for å bli angripen av lus, skriv Havforskingsinstituttet på sine nettsider.
Ørjan Karlsen er ansvarleg for den nasjonale overvakinga av lakselus, og forklarer korleis modellane deira fungerer.
– Vi hentar og brukar data frå oppdrettsnæringa. Dei rapporterer inn kvar veke kor mykje lakselus dei har i anlegget, samt kor mykje fisk dei har i merdane. Vi matar inn tal og data over straumane i fjorden eller området der anlegget ligg.
Feltarbeid og modellar samsvarar
For å verifisera utrekningane, har forskarane det siste året jobba med å drive feltarbeid på dei stadene som modellane seier det er mykje lakselus.
Her undersøker dei villfisk for lakselus, og kan no slå fast at feltarbeidet viser godt samsvar med modellane.
– Vi er førebels godt nøgde. Vi har hatt fokus på å verifisere modellane våre, og vi har reist ut til områda som ifølgje våre utrekningar har mykje lakselus. Feltarbeidet har stadfesta dette, forklarer Karlsen.
Truleg auka dødstal
Resultata av feltarbeida så langt syner at mykje lus truleg har auka dødstala på utvandrande laksesmolt i fleire område. Det gjeld Hardangerfjorden, Nordhordland, ytre del av Sognefjorden, Storfjorden, Romsdalsfjorden og Norfolda.
Når det gjeld sjøaure, oppheld den seg i fjordane og langs kysten heile sommaren, og den er difor ekstra utsett om mengda med lakselus aukar i sommarmånadane.
Havforskingsinstituttet trur det også for sjøauren har vore auka dødstal på grunn av lakselusen. Det gjeld for områda Hardangerfjorden, Nordhordland, Storfjorden, Voldsfjorden, enkelte fjordarmar i Romsdalsfjorden, Norfolda, Sagfjorden og Altafjorden.
Vil laga varslingsmodell
Karlsen håpar dei no også kan få laga ein varslingsmodell som fungerer godt.
– Målet er at modellane blir til pålitelege spreiingskart over smittsam lus som syner risikoen for luseinfeksjon hjå vill laksefisk.
Utviklinga av modellen som no vert testa ut har vore under utarbeiding ved Havforskingsinstituttet i mange år. Framleis står att det verifisering og kalibrering.
– Vi har utvikla modellen og dataa våre sidan tidleg 2000-tal. Vi veit i dag at lakselusen kan driva langt, ti mil er fullt mogleg. Der straumane samlast, det er der vi finn høg førekomst av lus.
Ein endeleg rapport for overvakinga av lakselus i 2015 er klar ved årsskiftet. Arbeidet blir gjort i samarbeid med Norsk institutt for naturforsking og UNI Research Miljø.
No comments:
Post a Comment