Monday, October 7, 2013

Mongstad replaces the Armagh? - NRK

07.10.2013, kl. 20.16.

Det er Teknisk Ukeblad som har fått stadfesta dette av Gassnova sin direktør.

Uansett, Gassnova er i gang med å få på plass avtalar med tre aktørar som utviklar alternative reinsemetodar. Dette etter at Regjeringa skrinla CO2-satsinga på Mongstad.

Alf Reistad i Industrikraft Møre helsar meldingane om Gassnova med stor glede.

– Ja, vi både håper og trur det er tilfelle, for Sargas/Industrikraft Møre er eitt av prosjekta som har blitt plukka ut tidlegare, og som då har forhandla om ein avtale, seier Reistad til NRK.

Signering sett på vent

Gassnova-direktør Tore Amundsen fortel at dei tre aktuelle aktørane er:

  • Industrikraft Møre og Sargas sine planar om CO2-fangst frå eit gasskraftverk i Elnesvågen.
  • Norcem Cementfabrikk i Brevik.
  • Hammerfest Energi sitt planlagte fullskala gasskraftverk.

Avtalane er allereie ferdigforhandla, men signeringa er sett på vent, utan at Reistad vil uttale seg om grunnen til det.

– Nei, det har eg ingen kommentar til, og eg veit ikkje bakgrunnen. Eg er på ferie for augneblinken, og må finne ut av det seinare, seier han til NRK.

Kan bli eit nytt løft

Det kan vere at den nye regjeringa skal ha det avgjerande ordet, men dersom Industrikraft Møre blir valt, meiner Reistad det er svært spennande.

– Det vil bety eit nytt løft for prosjektet. Det å få til eit gasskraftverk i Noreg og Midt-Noreg er framleis svært krevjande.

– Men blir ein plukka ut som eitt av få prosjekt, som skal utgreiast som erstatning for Mongstad-prosjektet, så er det utruleg spennande, avsluttar Reistad.

  • Les også: – Kortreist kraft og månelanding i Elnesvågen
  • Les også: –Dette er spennede og bra for Nyhamna

No comments:

Post a Comment