Saturday, October 19, 2013

Two to hospital after head-on - NRK

19.10.2013, kl. 20.28. 19.10.2013, kl. 20.43.

Kring klokka 19.45 vart det meldt full utrykning i Førde, etter at to bilar frontkolliderte på den smale fylkesvegen i Angedalen.

– To bilar har smelt i hop, og to personar er sende til Førde sentralsjukehus for legesjekk etter ulukka, får NRK opplyst frå operasjonssentralen til Sogn og Fjordane politidistrikt.

Tilstanden til dei to, som sat i den eine bilen, er ukjend, men ifølgje politiet skal det ikkje vere snakk om alvorlege skadar.

Ulukkesstaden ligg nokre kilometer forbi den gamle eskefabrikken og skulen i Angedalen. Vegen var heilt stengd på staden, men ved 20.30-tida har ein opna opp for manuell dirigering på staden.

Årsaka til ulukka er ukjend, det kan ha vore glatt på staden. Temperaturen i Angedalen laurdag kveld var kring ei minusgrad. Fylkesveg 481 er smal på staden.

No comments:

Post a Comment